Skip to content

        

 

Store og små troll, konge eller prinsesse. Trollkjerringar finst oppi heia her!  Best å vera liten og lur, trur eg!

 Forteljar Astri Sudmann

i Hemsedal bibliotek laurdag 11. februar kl. 11.00.

Astri Sudmann er forteljar. I mange år har ho fortald – på skular, i kyrkjer, på torg og i grotte. Rundt bålet og i biblioteket. Ho elskar forteljingane! Store og små, unge og gamle har høyrt at ord vert til film for det indre auga.

No har Astri Sudmann flytta til Hemsedal.
Laurdag 11. februar fortel ho i Hemsedal bibliotek.
Som vanleg ein trøllaurdag vert det musikk ved elevar i Hemsedal musikk- og kulturskule, og sjølvsagt teikning til trøllboka.
Trøll i ord høver best for barn mellom 4 og 8 år.

 

I Betlehems sidegater – om mennesker og murer på Vestbredden

    

Checkpoint i Hebron

      Etter eit semester på Vestbreidda er
     Siri Thorson i Hemsedal og
     vil dele røynsler og opplevingar frå ein
     kvardag midt i hjartet av eit konfliktområde.

    I Hemsedal bibliotek
    fredag 27. januar kl. 19.30

    fortel ho om korleis ho opplevde å skulle dokumentere,
skrive om og dele det ho opplevde som friviljug
i Palestina.

Velkomen!

Hemsedal på 60-talet!

Fekk du sett Hemsedal historielag si fotoutstilling i samband med
Hemsedal musikk- og kulturskule sin 60-talskonsert?

No heng utstillinga i hallen utanfor Hemsedal bibliotek.
Stikk innom og sjå!

Opningstider i romjula

I romjula er Hemsedal folkebibliotek ope:

tysdag 27.12 kl. 11-14 og 17-20
onsdag 28.12 kl. 17-20
torsdag 29.12 kl. 17-20

 

Fotoutstilling og sundagsope

I samband med julemessa til Hemsedal Husflidslag vert utstilling i biblioteket av Steinar Bleken sine fotografiar.

Vi har ope laurdag 26. 11 kl 11.00-15.00 og sundag 26.11 kl. 12.00-15.00.

Velkomen innom!
 

Bokmesse på Ål laurdag 19. november

Laurdag 19. november er det klart for den årlege bokmessa i Ål kulturhus. I år kjem historikar og krimforfattar Hans Olav Lahlum, romandebutant Karen Margrethe Erlandsrud og May Grethe Lerum som har skrive ei spenningsbok for ungdom.
Nils Ellingsgard kjem i år med ei splitter ny utgåve av Hallingdal i biletkunsten, og Eldgrim Springgard og Trond Andersson presenterer eventyr og segner frå Hallingdal i ny språk- og kunstdrakt.

Velkomen til eit variert program!

Sjå program for bokmessa her

 

Trøll i ord – laurdag 12. november kl. 11.00

Forteljartradisjon frå ei anna verd.

Møt eventyr og forteljingar frå land langt borte. Laurdag 12. november får me besøk av bebuarane frå mottaket på Tuv. Me får høyre eventyr frå Afghanistan og musikk frå Tsjetsjenia. Elever frå musikk- og kulturskulen vil også spele og syngje.

Seinare på dagen, kl. 14.00, vil tre jenter i 9. klasse halde konsert i biblioteket. Oda, Alis og May Line held på med eit skuleprosjekt om «dei gløymde kriser». Konserten er gratis, men dei som vil kan gi ei gåve til «Leger uten grenser».

 

Trøll i ord med Rampus. Laurdag 15.10 kl. 11.00

På veg i livet

    Hemsedal bibliotek måndag 10. oktober kl. 19.30

 

På veg i livet

Korleis formar vala vi gjer liva våre?
Kvifor vel nokon å bli buande i Hemsedal, nokon å flytte og andre å kome attende?

I høve verdsdagen for psykisk helse arrangerer Psykisk helse i Hemsedal ein kveld med samtale, musikk og historier frå Hemsedal.

Jon Grøthe, Gro Kvinlog Genlid og Jeremy Wilson fortel om sine val,
i samtale med Bernt Ivar Bergum.

Musikk ved Arne Anderdal, felespelar og utflytta hemsedøl.

 

Arrangementet er ope for alle. Servering av kaffi/te og noko å bite i.
Gratis.

 


SeniorSurf torsdag 29. september

Hemsedal folkebibliotek arrangerer SeniorSurf-dag 29. september. Då vil du kunne lære om:

  • Bruk av datamaskin – tastatur, mus og symboler.
  • Bruk av internett – nettbank, nettaviser, e-post, Facebook eller andre ting du lurar på.

Seniorsurfdagen er eit tilbod til alle over 55 år og opplæringa vil foregå i eit rolig tempo.
Anten du er nybyrjar på data eller har særskilte ynskjer for opplæring, er du velkommen.

Opplæringa vil foregå fra kl 9-14. Ring biblioteket på tlf 31 40 89 50 for å bestille time, eller berre ta deg ein tur innom. Tilbodet er gratis.